page view image

Elevstevne 2026 // Framnes Kristne Videregåande Skule

Velkommen til Elevstemne 19. - 21. Juni 2026

Information
event image

Tida er igjen inne for mimring og me ønsker at flest mogeleg kan vere med på dette!

5, 10, 20 og 30-årsjubilantane blir invitert på fredag til laurdag,
og 40, 50, 55 og 60-årsjubilantane blir invitert på laurdag til søndag.


Fredag 19. juni:

Kl. 17: Start innkvartering for 5, 10, 20 og 30-årsjubilantar

Kl. 19: Kveldsmat

Kl. 20: Jubilantsamlingar

Kl. 21.30: Samling/møte i peisestova

Grilling/sal av pølse og brus (ikkje inkl. i prisen)


Laurdag 20. juni:

Kl. 9: Frukost

Kl. 10: Me viser filmen «Framnes 125 år» (sidan Framnes var 125 år i 2022)

Vidare ut over laurdagen er (delar av) Framnes Arena open, samt freesbee-golf, sandvolleyballbana og bading på kaia, så ta med aktuelle fritidsklær.

Kl. 12: Start innkvartering for 40, 50, 55 og 60-årsjubilantar

Kl. 13: Lunsj

Kl. 14: Jubilantsamlingar for 40 – 60-årsjubilantane

Kl. 16.30: Fotografering av alle jubilantkulla

Kl. 17: Festmiddag for alle jubilantkulla

Dette er siste offisielle post for 5 - 30-årsjubilantane.

Kl. 18: Me viser filmen «Framnes 125 år» (sidan Framnes var 125 år i 2022).

Grilling/sal av pølse og brus (ikkje inkl. i prisen)

 

Søndag 21. juni:

Kl. 09: Frukost

Kl. 10.30: Møte 

Kl. 13: Middag og avslutning

elevstemne